fredag 26. juni 2009

Europa på langs 5


Etter ei lang vandring i kjende bygg av den eventyrlege Antonio Gaudi byrjar vår andre og siste dag i Barcelona å gå mot kveld. For ein fin by dette er å vera i.

I går vandra me gatelangs i gamlebyen og ned heile La Rambla. Ei fargerik og fascinerande elv av folk, burfuglar og innesperra smådyr, levande skulpturar, kunstige blomar, jallaboder, kinesisk liksomkatalandsk handverk, butikkar, sjapper, barar og folk frå heile verda.

På ein matglad mann gjorde nok den utrulege matmarknaden Boqueria størst inntrykk. Frukt i allslags fargar og fasongar, flådde kaniner og ribba høns, skinker og fleskebitar, kaker og brød, kjeks og croissantar, levande krabbar som gispa etter luft, halvdaude humrar og reker, laks og dorado,havabbor, calamares og andre blekksprutar, tunge og sjøpølse, tunfisk og noko som absolutt såg ut som lyr, endå eg var sikker på at det er ein nordsjøfisk, skjell og finurlege kokkelurar i dei mest utkropne utgåver, sopp og grønsaker, sild og poteta, tapas og smårettar og folk så tett som ein ansjosstim. Og for nokon saftige, herlege fersken dei selde til under seks kroner kiloen!


Dei tok me med til stranda, som me fann etter å ha gått langs den fine lystbåthamna og bort til Barcelonetta. Flott strand, mykje sand, varmt vatn, øl- og kjoleseljarar, agua,cerveza, empanadas, handkle og omslagsskjørt og "you want massage?" Etter kvart gav eg meg over og takka ja til ei av dei thailandske kvinnene som trykte meg på muskelknutane i nakken og sa at eg trong massasje. Og herlegheit kor eg trong det! Ikkje ein muskel, ikkje ein sene, ikkje eit fingerledd let ho i vera, og så gjekk ho laus på ansiktet, augo, augnebryna og - loka, nasen, kinna og kjevebeina, øyro fekk gjennomgå så det suste og til slutt herja ho med underhaka mi og sleit meg behageleg i håret. Og alt dette for berre ein hundrelapp.


I dag har me sett meisterhjernen Antoni Gaudi sine vidgjetne byggverk Casa Batlló, Casa Mila og Sagrada Familia.

Det finst ikkje ord for slikt. Det må sjåast. Bølgjene, sneglehusformene, vindeltrappene, lyskjeldene, vindaugo, møblane, dei avrunda romma, harmonien, heilskapen og dei utruleg stilige skorsteinane og fasadane. Eg hadde gledd meg så lenge til å sjå det, og då eg endeleg var der, var det betre enn eg hadde trudd.




No er det snart tid for ein dukkert i det vesle bassenget på hotellet, eit par glas kald cava brut nature og så kanskje ein spasertur på Montjuic. Eg har veldig lyst til å sjå Mirosamlinga og Mies van der Rohe-paviljongen.

Tida vil visa kva me orkar.

I morgon tidleg tek me toget til Alicanta. Ettermiddag og kveld der, før me tek 12-flyet heim til nørdst i grendom på sundag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar