fredag 19. juni 2009

Europa på langs 2




Då me kom ut frå museet hans, var det som om meister Magritte sjølv hadde vore og måla skyene på himmelen over Brussel og plassert ein lastebil midt i blomebedet. Ein gullklump på toppen av tårnet på Grote Markt hadde han også fått til.

Det flunka nye museet var fint det, sjølv om mange av hovudverka hans mangla. Mest sakna eg likevel meir informasjon på engelsk eller anna for meg forståeleg språk. Slik var det også på teikneseriemuseet. Merkeleg at ein i den europeiske hovudstaden stort sett berre informerer på fransk og flamsk. Men det betyr vel berre at eg må skjerpa fransken min betydeleg. Det held ikkje med berre det elementære.

Betre franskkunnskaper sakna eg også då eg sat på snøggtoget som sende oss i lynfart til Paris. Over midtgangen for oss sat ei ung kvinne i ein kjole som fekk meg til å tenkja på det eg høyrde ein omvisar sa til skuleborn framfor eit Magritte-bilde: Han målar ikkje det han ser med augo, men det han ser inne i hovudet. "Din gamle gris" sa reisefølgjet mitt gjennom snart 30 år, og ho tenkte ikkje på Magritte sin forløpar Juan Gris. Då dama byrja snakka i mobilen byrja dei fransktalande rundt oss å slita med å halda låtten inne. Dei såg på kvarandre og flirte og prøvde å ikkje lytta. Og me skjønte at me gjekk glipp av noko løye. Fransken må absolutt skjerpast.


Etter å ha funne hotellet vårt, nokre gater ovanfor Gare de Lyon, spaserte me under seinsbruene (for å bruka sunnhordlandsk seiemåte) opp til Notre Dame. (Hotelrommet er lite og sparsommeleg innreidd, og kostar meir enn det flotte rommet på Bedford i Brussel.) Å gå langs Seinen var herleg etter nokre dagar i travel by. Endå herlegare var det å setja seg inne i Vår Frues kirke (som haugesundarane kallar det) og lytta til prestar - og ein fabelaktig mezzosopran - som messa og talte og sidan spasera rundt i dette umåteleg vakre kyrkjerommet.





Me åt eit enkelt halalkebab-måltid i turistfella Latinerkvarteret, sat ei stund på eit hjørna til Boulevard St Michelle og drakk eit rådyrt glas chablis og studerte folk i alle format og fasongar som rak forbi og gjekk så over brua til justispalasset. Så flanerte me sakte ned Rue de Rivoli, stoppa for eit glas chardonay ved Saint Paul og heldt vidare fram mot Bastille-plassen. Her var me for 28 år sidan då fredsmarsjen (nokon som hugsar den?) kom inn til Paris. No er det ikkje ein fredsdemonstrant der, berre bilar som susar gjennom rundkøyringa og saman med oss ned Lyon-gata.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar