tirsdag 21. april 2009

Den oppdikta staden

Det er noko mystisk med Odda. Nei, feil. Eg tekk vekk ein s. Det er noko mytisk med Odda.

Før eg kom hit første gongen, for lenge sidan, trudde eg at Odda var ein stor by. Mykje større enn tettstaden der eg sjølv bur. Omtalen i aviser, fjernsyn, bøker og blad tydde på det. Odda var mykje meir omtalt enn Haugesund, Stavanger, Bergen og andre byar på Vestlandet.

Eg las om storindustri, om arbeidarar som kjempa, fagforeiningsleiarar på barrikadane, ei radikal arbeidarrørsle og om fyll, slagsmål, narkomisbruk og elende ein storby verdig. Eg høyrde gjete pubar og restaurantar der folk drakk øl i litervis og slåst på berre nevane. Eg visste det var gater der, høghus og folk som budde tett som sjøfugl oppover berga. Den første eg trefte som røykte hasj, kom frå Odda. Og eg høyrde om røyken frå smelteverket som om det var det reinaste eventyrteppet som låg over denne byen der arbeidsfolk var ekte arbeidsfolk og ikkje bønder og fiskarar som var tvinga til å ta seg jobb med fast løn og stemplingsur.

Sjølv budde eg også på ein stor industristad, med mange fleire innbyggjarar, som bygde tankskip ingen hadde sett maken til utanom i Japan, og sidan enorme og eineståande ingeniørkunstverk som vart slepte ut i havet for å syta for rikdom og velstand og så og bli gløymde av andre enn dei som jobba der og dei som tente oljekroner på anna vis. Men denne staden brydde ingen aviser seg om, ingen fjernsynsstasjonar eller dokumentarfilmdiktarar, dei likte betre gammal industrirøyk enn ny ingeniørkunst, og dessutan var arbeidarane som eg då jobba saman med, ikkje særleg radikale og kampvillige, og dei skunda seg det dei kunne over til høgresida, så snart dei fekk høve til det. Slik dei truleg også gjorde i Odda, når dei berre kom seg ut av smelteomnsvarmen, fekk vaska støv og skit av seg og høyra Carl I. Hagen sine lovnader om kor bra alt skulle verta om folk fekk slutta å betala skatt og syna solidaritet.

Då eg første gong kom til Odda, oppdaga eg at det ikkje var nokon stor by likevel. Eg var ung haikar og enda opp ein laurdagskveld i eit frykteleg regnvêr på ein stad der det var umogeleg å skilja mellom skyer og fabrikkrøyk og regnet rann i fossar og eg berre fann ei gate og den førde meg lenger oppover mot skyene. Eg prøvde å haika meg vidare, utan hell. Ingen bilar køyrde opp dalen den kvelden. Eg tusla meg tilbake til ein no nedlagd kafé, som låg øvst oppe i byen, og sat der til dei stengde. Då sette eg meg utanfor og sturte og såg svart på livet. Kafeverten kom og spurde kvifor eg sat der, og då han høyrde om lagnaden min, busted flat in Baton Rouge, waiting for a train, sa han utan glede, utan teikn til venesæle og lyst, at eg fekk vera med han då. Så eg rusla etter mannen ned gata, opp ei trapp og inn ei dør og til eit rom der han fortalde at eg skulle sova. Så eg la meg til å sova der, kald, våt og svolten. Neste morgon vekte han meg, eg rusla etter han opp til kafeen, der fekk eg skive med kvitost, mjølk og kaffi før eg haika meg vidare. Han sa mest ikkje eit ord til meg, og virka ikkje lei seg då eg drog.

Neste gong eg kom hit, var det som musikar. Eg spela på restaurant Merkur med eit bluesband, vart gjort til lått av serveringsdama då eg bad om eit glas vermut med is og sitron, eg såg at ho var overtydd om at eg var homo, og sidan enda eg og ein av musikarane på eit nachspiel med salongbordet breiddfullt av heimebrent, oskebegeret var ein katastrofe, musikken gjorde alt anna enn brøling fånyttes, menn med ring i øyro og tatoveringar oppover heile armane, slitne skinnjakkar og språk og blikk som kunne skremma fanden på flat mark. Me vart der ikkje lenge. Me sa at me skulle pissa og sneik oss stille ut med helsa i behald.

Eg var her fleire gongar. Eg møtte aldri ein av dei kjempande rudolfnilsenske arbeidarane eg hadde lese om i aviser og sett på fjernsyn. Eg trefte berre fyllikkar og vanlege folk.
Sidan vart Odda ein stad eg ofte reiste gjennom og las om i oppdikta bøker. Der fann eg eit anna Odda enn det eg hadde sett med sjølvsyn på Merkur og på gata der dei slitne og utlevde og raudsprengde ansikta viste betre att enn i nokon annan by eg hadde vore utanom Haugesund. I bøkene var Odda ein fantastisk stad, eit eventyrrike, ein amerikansk film, ein by midt i verda som ingen kunne komma utanom. Odda hadde vorte ein myte. Eit nostalgisk fata morgana i ein ørken av slagg. Ein legendarisk stad som ikkje lenger var skapt av billig elektrisk kraft, amerikansk storkapital og raudglødande omnar og arbeidarar, men av forfattarar som for lengst hadde flytta derifrå fordi dei sjølv ikkje ville verta til personane dei skreiv om, laga filmar om, fotograferte og romantiserte og ironiserte over.

Når eg no går gjennom den eine verkelege gata i byen, ein kort stubb, ser eg tydelegare at det finst to Odda. Ein verkeleg by som er prega av forfall, manglande husmåling og opphøyrssal og ein fiktiv by som eksisterer mellom permar og i hovuda til godt utdanna lesarar som gjerne drøymer nostalgisk om arbeidarklassen dei sjølv har flykta frå og som har lete seg forføra av forteljinga om industribyen som har vakse gjennom det køyvande røyklaget og vorte ein by der forfattarar og kunstnarar sprett ut frå kvart eit murhus. Sjølvsagt gjer dei ikkje det, dei som skriv mest nostalgisk om det, har vel aldri budd i slike hus sjølv, og dei har alle som ein flytta her ifrå. No er det hengt opp plakettar på hushjørna som fortel om det Odda som berre eksisterer i Bikubesong. Jamvel Merkur er vorten ein oppdikta stad for oppdikta fyllikkar.

Odda og Sauda. Det går ut på eitt. Begge stader har sine høgt verdsette myteskaparar og legendeskrivarar som har flytta vekk og aldri sett seg attende anna enn i fantasien.

Eg trur dei måtte flytta vekk, for å kunna skriva om Odda, seier ein lærar eg treff på. Dei hadde ikkje kunna skriva desse bøkene viss dei framleis hadde budd her.

Når eg reiser rundt i landet, seier ein bibliotekar eg snakkar med, får eg to reaksjonar når eg fortel at eg bur i Odda. I litteratur-miljøa ser dei på meg med beundring. Åh, Odda! Så fantastisk, seier dei. Dei andre, som ikkje les bøker, seier: Å Odda, det hølet!

På min heimstad bur det no fem aktive forfattar, i heile Sunnhordland bur det mange fleire og reknar me med dei som har slått seg ned andre stader i land og utland så snakkar me om 20-30. Mest ingen av dei skriv eksplisitt om staden dei kjem frå. Ingen nemner Stord med namn eller skriv om oljeplattformar og storindustri. Ingen skriv om Husnes, aluminium, industri og slåsting på puben. Ingen legg handlinga til bedehusa på Bremnes, ferjekaiane i Mosterhamn eller Valevåg. Ingen diktar om verva-arbeidarane på Fitjar, der det burre berre eit par-tre tusen færre menneske enn i Odda. (Jo, forresten Bjørlykke har gjort det, men utan å slå på stortromma av den grunn.) Berre Ingelin Røssland fortel om kriminalitet, korrupsjon og overgrep på vesle, fredelege og litt tilbakeståande Tysnes.

Men Rune Belsvik skriv om underlege folk på stader med merkelege namn, Lars Amund Vaage reiser dit han vil i sine bøker, Selma Lønning Aarø skriv om Leirvik utan å seia det høgt, Per Olav Kaldestad diktar om fuglar og froskar som syng og har seg, men utan å fortelja kor dei sit eller ligg.

Kanskje er det best slik? At dei verkelege stadene får vera der dei er med alle sine kvardagar og vanlege folk og lagnader, medan diktinga og fantasien får leva og røra seg på slike fiktive stader som Odda, som ikkje finst og aldri kjem til å finnast.

mandag 20. april 2009

Lause tankar på hotellrommet.

Eg sit på hotellrommet i Odda. Utanfor døra sit hotellsjefen og prøver å ordna den elektroniske låsen. Det har han halde på med i eit par timar. Før han har fått fiksa låsen, kan dei visst ikkje ordna seng og bad. Puta er to centimeter høg. Dyna er tynn lefse. Det er ikkje dusjsåpe/shampoo. Tre kanalar på fjernsynet. Utsikt mot dei kommunale heimetenestene. Kan eg kanskje bu der heller?


No er både lås og shampoo på plass. Eg har vore på ei kro borti gata og drukke ei øl medan eg las Dorés Bibel av T. Lindgren. Han er ein sann meister. Ein rusletur i sentrum viste meg ein kveldslukka tettstad i skugge og fjordvind, medan sola skein på fonn og fjell høgt over meg. Hadde eg klatra opp dit, kunne eg sett heim. Eg framførte "Heksa" på Skare og Røldal skular i dag. Det var ein fest.



Etter å ha budd på tallause hotellrom i bygd og by, lurer eg på kvifor alle hoteleigar trur at gjestene deira likar seg best i dunkelt lys og ikkje brukar augo til anna enn fjernsyn og leigefilm. Skal ein lesa anna enn versalar i 25 pkt, lyt ein stikka boka inn under lampeskjermen med 15 watts pæra og vri hovudet etter så nakken stivnar som ein påle. Reiseleselampe burde vore fast turneutstyr for reisande forfattarar..

Utsikt i Odda





fredag 17. april 2009

Fotballgnålet

I dag skriv BT http://fotball.bt.no/eliteserien/article135453.ece at det er glissent med folk på tribunane på eliteseriekampar i fotball. Finanskrisa får sjølvsagt skulda for dette òg. Kan henda er det heller slik at talet på selde billettar avspeglar den reelle fotballinteressa, at folk flest ikkje er så interesserte som BT og andre massemedium trur?

Kan henda er andre folk bli like leie av dette fotballgnålet som eg er?

På same tid som ein lurer på kvifor færre går på fotballkampar, spør avisredaktørar og journalistar seg om kvifor færre kjøper og les papiraviser. Kan henda ein av grunnane er at det står så ufatteleg mykje om fotball der? Og ikkje berre om kampar og lagoppstillingar, men den eine tanketomme og hylande idiotiske artikkelen etter den andre om fotballspelarane sitt privatliv, om konene deira, om frisyrane om små skader på lår og legger.

Ofte lurer eg på kven dei er desse journalistane, som brukar tid og krefter, språk og papir på å produsera slikt vrøvl dag ut og dag inn. Det kan ikkje berre vera lønna.

Også lokalavisene er fulle av slike meiningslause saker om fotballspelarar, same kor langt nede i divisjonane dei spelar. Den einaste plassen ein finn etteraping av VG og Dagbladet sin kjendis- og tabloidjournalistikk i lokalpressa er på sportssidene og i nettutgåvene.

Sidan det først og fremst er fotballfansen avisene i dag vender seg til, og symaptisørane med Fremskrittspartiet (på dei fotografifulle sidene om kjendisar i politikk og samfunnsliv), er det vel naturleg at desse flyktar frå det tungvindte papiret som dei både må løfta opp og bla i, når dei kan få dei same opplysningane mykje kjappare, mykje raskare og mykje mindre språkleg utfordrande på dei same avisene sine nettsider. Dei er til og med gratis.

onsdag 8. april 2009

Eg sit og ser ut vindauga, kikkar på fjesboka der alle ønskjer kvarandre god påske i desse dagar, og lurer på kva tid det er rett å ønskja god påske. Er det som innleiing til ferien, altså god påske(ferie), eller til høgtida, altså god påske(høgtid) eller er det 1. påskedag då Jesus skal ha stått opp frå dei daude (god påske) og såleis ha prova (seier dei som trur på det) at han ikkje var kven som helst. Kanskje ikkje noko stort spørsmål, men i alle fall noko å grunda på om ein ikkje har ei bok for handa.

lørdag 4. april 2009

Bøker på nynorsk

I dag var eg innom Ark sin bokhandel i Heiane senter på Stord. Der, midt i Sunnhordland, finst det mest ikkje bøker på nynorsk. Og sunnhordlandsforfattarane er mest fråverande, utanom dei som skriv på bokmål.

Då eg spurde det jenta bak disken etter nynorske bøker, fortalde ho meg at dei hadde nokre få nynorske barne- og ungdomsbøker og så ho der .... - Gavalda, hjelpte eg.
- Ja, ho. Me skal prøva å ta inn fleire nynorske bøker etter kvart. Men det er ikkje alt som kjem ut på nynorsk.

Kommentarar er vel overflødige.

torsdag 2. april 2009

Våren er på veg

Eg har sett dei første små kvitveisane bløma i Hystadmarkjo i dag. Og hundrevis som stod i knopp. I trea kvitra nokre vårkåte fuglar og fjorden var blank som nypussa stål med eit grått skydekke over.  Hunden går med nasa i bakken og vert gal av gode tispelukter.

Eg fekk melding om at kalesjen til båten var ferdigreparert og kan hentast i morgon. No må eg berre få han på land og ta vårpussen.

Stundom lokkar det meir å pussa båt, enn å sitja ved pc-en og prøva å skriva neste års barnebok og halda fram med romanmanuset eg har pusla med i alt for lang tid no. Men i dag fekk eg likevel til nokre liner som eg tykte ikkje var så verst.