lørdag 4. april 2009

Bøker på nynorsk

I dag var eg innom Ark sin bokhandel i Heiane senter på Stord. Der, midt i Sunnhordland, finst det mest ikkje bøker på nynorsk. Og sunnhordlandsforfattarane er mest fråverande, utanom dei som skriv på bokmål.

Då eg spurde det jenta bak disken etter nynorske bøker, fortalde ho meg at dei hadde nokre få nynorske barne- og ungdomsbøker og så ho der .... - Gavalda, hjelpte eg.
- Ja, ho. Me skal prøva å ta inn fleire nynorske bøker etter kvart. Men det er ikkje alt som kjem ut på nynorsk.

Kommentarar er vel overflødige.

1 kommentar:

  1. Hei! Ta ein kikk på www.bokdykk.no.

    Noregs nye nettbokhandel har sett mangelen på hylle- og spalteplass for nynorsk litteratur, og fokuserar på nynorske utgjevingar. Desse bør takast i mot med opne armar, det er eit tiltrengt tiltak!

    SvarSlett