fredag 26. juni 2009

Europa på langs 5


Etter ei lang vandring i kjende bygg av den eventyrlege Antonio Gaudi byrjar vår andre og siste dag i Barcelona å gå mot kveld. For ein fin by dette er å vera i.

I går vandra me gatelangs i gamlebyen og ned heile La Rambla. Ei fargerik og fascinerande elv av folk, burfuglar og innesperra smådyr, levande skulpturar, kunstige blomar, jallaboder, kinesisk liksomkatalandsk handverk, butikkar, sjapper, barar og folk frå heile verda.

På ein matglad mann gjorde nok den utrulege matmarknaden Boqueria størst inntrykk. Frukt i allslags fargar og fasongar, flådde kaniner og ribba høns, skinker og fleskebitar, kaker og brød, kjeks og croissantar, levande krabbar som gispa etter luft, halvdaude humrar og reker, laks og dorado,havabbor, calamares og andre blekksprutar, tunge og sjøpølse, tunfisk og noko som absolutt såg ut som lyr, endå eg var sikker på at det er ein nordsjøfisk, skjell og finurlege kokkelurar i dei mest utkropne utgåver, sopp og grønsaker, sild og poteta, tapas og smårettar og folk så tett som ein ansjosstim. Og for nokon saftige, herlege fersken dei selde til under seks kroner kiloen!


Dei tok me med til stranda, som me fann etter å ha gått langs den fine lystbåthamna og bort til Barcelonetta. Flott strand, mykje sand, varmt vatn, øl- og kjoleseljarar, agua,cerveza, empanadas, handkle og omslagsskjørt og "you want massage?" Etter kvart gav eg meg over og takka ja til ei av dei thailandske kvinnene som trykte meg på muskelknutane i nakken og sa at eg trong massasje. Og herlegheit kor eg trong det! Ikkje ein muskel, ikkje ein sene, ikkje eit fingerledd let ho i vera, og så gjekk ho laus på ansiktet, augo, augnebryna og - loka, nasen, kinna og kjevebeina, øyro fekk gjennomgå så det suste og til slutt herja ho med underhaka mi og sleit meg behageleg i håret. Og alt dette for berre ein hundrelapp.


I dag har me sett meisterhjernen Antoni Gaudi sine vidgjetne byggverk Casa Batlló, Casa Mila og Sagrada Familia.

Det finst ikkje ord for slikt. Det må sjåast. Bølgjene, sneglehusformene, vindeltrappene, lyskjeldene, vindaugo, møblane, dei avrunda romma, harmonien, heilskapen og dei utruleg stilige skorsteinane og fasadane. Eg hadde gledd meg så lenge til å sjå det, og då eg endeleg var der, var det betre enn eg hadde trudd.




No er det snart tid for ein dukkert i det vesle bassenget på hotellet, eit par glas kald cava brut nature og så kanskje ein spasertur på Montjuic. Eg har veldig lyst til å sjå Mirosamlinga og Mies van der Rohe-paviljongen.

Tida vil visa kva me orkar.

I morgon tidleg tek me toget til Alicanta. Ettermiddag og kveld der, før me tek 12-flyet heim til nørdst i grendom på sundag.

torsdag 25. juni 2009

Europa på langs 4



Med TGV i 300 km/t fauk me lågt frå Paris til Montpellier. Diverre hadde me fått sete i 1. etasje og såg til tider mest jordvollar, tre og buskar, men fekk då noko med oss av det vekslande franske landskapet. Frå Montpellier var det lokaltog gjennom vinmarker og over sandbankar langs Cote de Roussilion til Collioure.

Du hendelse for ein vakker liten by. Her er borger og slott i sentrum og på haug og hammar rundt byen og i syninga. Husa er måla i duse sandfargar og pastell. Gatene er tronge og fargerike. Folk er venlege og avslappa og på butikkane smiler og snakkar folk til deg (og ikkje berre bonsjourar og missjøar med uttrykkslause andlet og arrogante haldningar som i Paris). På dei små strendene i byen er det ingen plagsame seljarar, berre folk som nyt sol og sjø.

Ingen av dei mange restaurantane og kafeane skrik etter deg for å få deg til kunde. Her er mest ikkje det tradisjonelle turistjallaet som du finn elles i "Syden" og i Gudvangen, men mange små butikkar som sel fine klede, keramikk og brukskunst. Og her er fleire titals galleri med sterkt vekslande kvalitet på utstillingane.


Diverre eig ikkje byen eitt einaste av bileta Matisse, Derain, Picasso eller andre av dei store kunstnarane måla då dei slo seg til her ei tid tidleg på 1900-talet og skapte fauvismen. Men kopiar heng på tavler kringom i byen.

Me korkje såg eller høyrde eitt einaste diskotek, men levande musikk var det mange stader. Sundagskvelden var det korsong, rock, jazz og tango og høyra på utescenar rundt i byen. Alt var gratis.


På veg til stranda gjekk me kvar dag forbi ein fabelaktig jazzgitarist som stod ved slottsmurane og leika fram standardar og stringswing.

Jonsokafta var det stor fest i heile det katalanske området ved Roussillionkysten. I Collioure var det folklore, dans og musikk, gratis aperitif på festplassen, opptog med faklar, bål på stranda og fargesprakande fyrverkeri til slutt. Frå balkongen vår på hotellet hadde me utsikt til minst sju-åtte fyrverkeri til nordover kysten.

Dei gule og raude flagga på private og offentlege byggfortel at me på eit vis alt er ute av Frankrike og inne i Katalonia, og det er dit ferda tek oss etter at me forlet Collioure etter herlege dagar der.

På slitne somletog med vonde sete dingla me oss frå Collioure og sørover til Barcelona. Første kvelden var me for trøytte til anna enn å spasera frå hotellet i gamlebyen og bort til plassen ved katedralen. Her høyrde me fleire norske stemmer enn spanske. Etter nokre tapas gjekk me tilbake til hotellet for å sova ut og gjera oss klare til å sjå på alt denne byen har å by på.

fredag 19. juni 2009

Europa på langs 3



Paris er ein fantastisk by. Me har gått i Marais-distriktet i dag. Galleria, designerbutikkar, sjapper og kroer, hjørnekafear, dyre restaurantar, tronge gater og små barar. Og midt i alt dette den fantastiske opne plassen Place de Vosges med sin strenge symetriske park og dei nydelege husa rundt, i eitt av dei budde visst Victor Hugo. Men dit skulle ikkje me, me hadde kurs for Picasso-museet.

På vegen passerte me eit nytt vakker bygg med flott hage framfor, Byarkivet. Dette som så mange andre av storbygga i Paris ser ut til å vera heilt nyoppussa. Det svarte eksosbelegget er borte og dei står fram lyse og reine.

Picasso-museet er verd heile turen aleine. Du finn nok vel så mange viktige verk av han på Pompidou-senteret, men i museet får du sjå utviklinga hans kronologisk, frå det tradisjonelle og overlessa til dei siste reinskårne og "enkle" arbeida. Han var ingen liten tosk, den karen.

Me kjøpte eit par focacciaer på vegen mot Pompidou og nokre småflasker kvitvin og tenkte oss ein svipptur innom kunstenteret som ser ut som ein av platformane dei byggjer på Kjøtteinen. Me vart der i mange timar.

Sjølv ein mann med ekstrem høgdeskrekk må stoppa opp og nyta den fabelaktige utsikten frå øvste etasje i det utvendige rulletrapprøyret av pleksiglas. Her ser du alle dei kjende parismotiva i panorama.

Inne fann me ei utruleg utstilling med Alexander Calder som laga dei mest utrulege skulpturar av streng. Så ei like stor samling av Kandinsky sine fargesterke bilete. Begge utstillingane sette saman av bilete frå andre sentrale kunstsamlingar. Ei uventa og ugløymeleg oppleving for to tilfeldige togturisar.

Pompidousenteret kunne også by på ei omfattande utstilling av kunst av dei største kvinnelege kunstnarane i samtida. Og så har dei jo alltid den eineståande faste samlinga. Der dei fleste moderne kunstnarane du har høyrd namnet på er representert. Me gjekk gjennom desse utstillingane òg. Men då var både augo og hovud fylte til randa og føtene skreik etter kvile.

For ein by! For ein dag! Og når beina er utkvilte skal me på ny vandra opp til Marais for å finna oss ein stad å eta i denne byen der 10CC i si tid song at ein kveld var som eit år i kva som helst anna by.



Europa på langs 2




Då me kom ut frå museet hans, var det som om meister Magritte sjølv hadde vore og måla skyene på himmelen over Brussel og plassert ein lastebil midt i blomebedet. Ein gullklump på toppen av tårnet på Grote Markt hadde han også fått til.

Det flunka nye museet var fint det, sjølv om mange av hovudverka hans mangla. Mest sakna eg likevel meir informasjon på engelsk eller anna for meg forståeleg språk. Slik var det også på teikneseriemuseet. Merkeleg at ein i den europeiske hovudstaden stort sett berre informerer på fransk og flamsk. Men det betyr vel berre at eg må skjerpa fransken min betydeleg. Det held ikkje med berre det elementære.

Betre franskkunnskaper sakna eg også då eg sat på snøggtoget som sende oss i lynfart til Paris. Over midtgangen for oss sat ei ung kvinne i ein kjole som fekk meg til å tenkja på det eg høyrde ein omvisar sa til skuleborn framfor eit Magritte-bilde: Han målar ikkje det han ser med augo, men det han ser inne i hovudet. "Din gamle gris" sa reisefølgjet mitt gjennom snart 30 år, og ho tenkte ikkje på Magritte sin forløpar Juan Gris. Då dama byrja snakka i mobilen byrja dei fransktalande rundt oss å slita med å halda låtten inne. Dei såg på kvarandre og flirte og prøvde å ikkje lytta. Og me skjønte at me gjekk glipp av noko løye. Fransken må absolutt skjerpast.


Etter å ha funne hotellet vårt, nokre gater ovanfor Gare de Lyon, spaserte me under seinsbruene (for å bruka sunnhordlandsk seiemåte) opp til Notre Dame. (Hotelrommet er lite og sparsommeleg innreidd, og kostar meir enn det flotte rommet på Bedford i Brussel.) Å gå langs Seinen var herleg etter nokre dagar i travel by. Endå herlegare var det å setja seg inne i Vår Frues kirke (som haugesundarane kallar det) og lytta til prestar - og ein fabelaktig mezzosopran - som messa og talte og sidan spasera rundt i dette umåteleg vakre kyrkjerommet.





Me åt eit enkelt halalkebab-måltid i turistfella Latinerkvarteret, sat ei stund på eit hjørna til Boulevard St Michelle og drakk eit rådyrt glas chablis og studerte folk i alle format og fasongar som rak forbi og gjekk så over brua til justispalasset. Så flanerte me sakte ned Rue de Rivoli, stoppa for eit glas chardonay ved Saint Paul og heldt vidare fram mot Bastille-plassen. Her var me for 28 år sidan då fredsmarsjen (nokon som hugsar den?) kom inn til Paris. No er det ikkje ein fredsdemonstrant der, berre bilar som susar gjennom rundkøyringa og saman med oss ned Lyon-gata.

tirsdag 16. juni 2009

Europa på langs 1



Frå me sette oss på bussen på Leirvik til me sat med vår første øl på torget i Bremen tok det fire og ein halv time. Ryan frakta oss greitt fram i plastflyet sitt, men ein arrogant ung og overivrig haugesundar i tryggleikskontrollen gjorde at me i det minste fekk litt å irritera oss på. Kontrollen på Haugesund flyplass må vera den strengaste og minst høflege og imøtekomande i verda.

Bremen har eit fint bysentrum, mange parkar og grøne område og eit torg som er verd turen dit. Men like stas som å sjå barrokkbygningar og bymusikantar var det å sitja i restaurantgata ved Weser og nyta eit glas sekt medan me studerte dei tusenvis av tyskarar og turistar som flanerte, lufta hundar, feira utdrikkingslag og drakk seg fulle. At det berre er nordmenn som gaular i fylla er berre tull.

Sundag tok me toget til Brussel, med ein times opphald i Køln. Me åt lunsj på plassen ved den store katedralen før me sette oss på toget til Belgia. Nordeuropa er flatt og keisamt, men på grensa mellom Tyskland og Belgia var det nokre humpar og haugar som skapte litt variasjon i utsikten.
Elles var eg mest oppteken av å lesa i ei pocketutgåve av Surén sine bøker om den høgst nevrotiske læraren Tommy Kristoffersen. Svært godt reisefølgje. Tilrådd på det sterkaste.


No har me vore i Brussel sidan sundag. Me har gått i gater, site på kafestolar, drukke trappistøl og hadde det hyggjeleg. Torget i Bremen er fint. Grand Place/Grote Markt i Brussel er ein juvel. Og finare enn eg hugsa det frå sist eg var her.
Eit høgdepunkt er det også å komma tilbake til kafeen A la mort Subite og sjå at det ikkje er brukt ein euro på korkje lakk eller maling. Og ølet er like godt som då Jacques Brel strevde med å drikka seg i hel der.

Rene Magritte fekk sitt eige museum i sist veke, der skal me i morgon eller torsdag før me reiser. I dag brukte eg nokre timar i selskap med den yngre og den eldre Breughel,Hieronimus Bosch, van Dyck og mange andre av dei flamske meistrane - og sjølvsagt Rubens sine storslegne måleri. Den moderne avdelinga er ikkje så spennande lenger, når Magritte er vekke, men eit fint bilde av Dali og noko anna visuelt snop gjer at det er verd å ta turen dit om du er på desse kantar.

mandag 8. juni 2009

Skryt til "Sargasso"

Frode Skarstein heiter ein biolog og forfattar som eg ikkje kjenner, men som eg likevel lyt rekna som ein venn. Han har nemleg skrive strålande fint om "Sargasso" på forfatterbloggen.no. Særleg skryt han over framsidebiletet og siste kapittel.
Vel, framside biletet er av far min, Edmund A. Hansen, og teke ein gong då han var ung uteseglar.

Siste kapittel handlar dels om ål, så då kan eg jo skjøna kvifor biologen Skarstein likar det.

Eg har også fått vidaresendt eit ebrev ein forfattarkollega sende til forlaget, der denne forfattaren skriv at han tykkjer "Sargasso" er ei av dei finaste bøkene Samlaget har gjeve ut på 2000-talet. Han meiner ho fekk altfor lite merksemd då ho kom ut. Det meiner sjølvsagt eg òg.

Men no er det altså ein mann i Tromsø som har funne fram til boka i pocketutgåve, og jamvel frivillig har skrive om henne på nettet. Slikt set eg stor pris på.

Takk, Frode Skarstein.

http://www.forfatterbloggen.no/roller/skarstein/entry/sargasso_av_atle_hansen