tirsdag 14. september 2010

Gode ord om liten kabaret

Eg har laga ein liten einmannskabaret som eg har kalla "Ei kvartmil frå land". Eg framførte han på kyskulturdagen på Sunde i Kvinnherad 11. september, og det verka som om folk sette pris på tekstar og songar.

Lokalavisene var der òg. Her er det dei skreiv:

 "... Atle Hansen glei rett inn i det maritime miljøet då han framførte kabareten "Ei kvartmil frå land". Ei personleg ytring i song og tale om oppvekst, ungdom og framtidig alderdom blant båtar, båtfolk og skjer i Sunnhordlands-sjøen." (Kvinnheringen)


"... trubaduren Atle Hansen (tok) publikum med til Moster og landa deromkring der han vaks opp. han delte eigne opplevingar som sptente frå erfaring med å køyra faren sin båt på land til dei første famlande forsøka på kjærleiksliv, det første kyss i ei vik .... med eigne viser sydde Atle hansen det heile saman, eller delte forteljinga opp i avsnitt er kan henda rettare. Det var tre kvarter med kabaret med saltsmak som publikum sette stor pris på." Grenda

torsdag 19. august 2010

Ny singel ute

"Med kamel til Samarkand (Jentene i Sunnhordland" og "Gammal saman med deg" er til sals på itunes, cdbaby, amazon og andre stader der dei sel digital musikk.

Eg har også trykt opp nokre cd-ar som eg sel sjølv.


http://itunes.apple.com/no/artist/atle-hansen/id373179657



tirsdag 18. mai 2010

Mast utan skip i digital utgåve

Albummet "Mast utan skip" som eg gav ut i 2006 på eige selskap, er no lagt ut for sal gjennom nettstaden cdbaby.com. Etterkvart skal songane også bli selt på itunes, spotify og andre virtuelle musikksjapper.
Eg planlegg også å leggja ut den første cd-en min, "Blå måne" her.

Om nokre veker kjem eg elles med to heilt nye låtar, "Med kamel til Samarkand" og "Eg vil bli gammal saman med deg". Desse kjem til å bli gitt ut både å plate og for digital nedlasting.

fredag 5. mars 2010

"Definitivt Hjerter Ess" vert godt motteken

Sigmund Jensen har meldt "Definitivt Hjerter Ess" i Stavanger Aftenblad og skriv dette:

FORFATTEREN, musikeren og journalisten
Atle Hansen (f. 1954) fra Stord er en allsidig
og produktiv kar med flere bøker og plater
bak seg. Nå har han skrevet en klassisk
landeveishistorie som inneholder alle
sjangerens obligatoriske elementer. Det
har blitt frekt og fiffig som Tarantino, og
absurd og komisk som Smala Sussi.


(...)

AV DETTE i og for seg spinkle og ikke altfor
originale utgangspunktet spinner så forfatteren,
på et friskt nynorsk og i høyt
tempo, en vev av spenning og forbindelser.
Persongalleriet er artig, miljøskildringen
presis, og handlingen drives fram av
snodige hendelser, frisk dialog og kvikke
replikker. Her er lun, underfundig humor
og mange referanser til syttiårenes musikalske
scene, uten at det gjør det enklere å
tidfeste handlingen. Men referansen til
Tause Birgitte, som var programvert for
Casino på TVNorge i årene 1989-1993,
skulle tyde på at det hele finner sted en
sommer i første halvdel av nittiårene.
Forfatteren har gitt romanen sjangerbetegnelsen
reiselektyre, og det kan jo være
sant, i alle fall på to måter. Sikkert er det
imidlertid at «Definitivt Hjerter Ess» er en
underholdende roman med flere lag og
dybder enn det de litt slitne karakterene
på kant med loven og livet kan tyde på. Og
for å si det med Tommi (s. 104): «Voila, her
er hamburgar og chips og øl til alle. Berre
forsyn dykk.»


På BOK&BLOGG fann eg denne omtalen

Også i Varden, StudVest og ei studentavis i Stavanger har boka vorte godt motteken.
Bergens Tidende sin meldar Pål Gerhard Olsen var derimot i heller slett lune då han skreiv om boka mi. Det var rein og gruvsam slakt. Ja ja, sånn kan det gå.

mandag 15. februar 2010

Bøkene eg ikkje minnest

Denne teksten vart først publisert på barnebokkritikk.no
Rumohr, Marianne og Carl von Hanno: ABC

Barnebokminne
ABC
Tekst: Marianne Rumohr
Illustrert av Carl von Hanno
120 sider
Tanum 1939





Frå eg var liten har eg fått høyra at eg har klisterminne. Og stundom har eg trudd på det sjølv. Likevel har eg oppdaga med åra at det er så mykje eg ikkje hugsar. Når eg les andre forfattarar som skriv om barne- og ungdomsåra, og kan hugsa alt dei gjorde og sa, ned til minste detalj, då vert eg stundom imponert og stundom på låtten. Gud Fader, kor du lyg! tenkjer eg gjerne i mitt stille sinn, ikkje noko av dette kan du hugsa, alt du seier no er dikta opp. Men du lyg godt, det skal du ha.

Eller eg tenkjer: Kvifor hugsar ikkje noko av dette, kva eg las, kva eg såg, kva eg tykte, kva eg tenkte? Og eg byrjar lura på om eg verkeleg var til stades i min eigen barndom, eller om eg var ein heilt annan stad. Og dersom eg var ein annan stad, kor var eg då? Eg kjem på tre plassar eg ofte oppheldt meg: ved sjøen (eg låg på ei bryggje med eittøresongel og fiska etter stinte (bergnebb) og kunteknurr (ulke)med kuogn (strandsniglar) som agn), ute i skogen (ofte aleine for å sjå etter fuglar og hoggorm (dei finaste dyra eg visste)) eller eg låg på senga mi og las i ei bok. Seinare,då eg vart gammal nok til å gå dit aleine, var eg på biblioteket, når det ein sjeldan gong var ope der. Me hadde ikkje bøker heime. I alle fall ikkje barnebøker.

Eg las og las, det hugsar eg og eg las alt eg kom over, men eg hugsar svært lite av desse bøkene, eller kva tid eg las dei. Eg minnest nokre omslag og hugsar nokre namn. Davy Crockett, Onkel Toms Hytte, Hjortefot, Huckleberry Finn, Greven av Monte Cristo, Heidi, Frendelaus, Folket i dei kvite båtane. Men kva tid eg las dei, eller i kva rekkefølgje, eller kva inntrykk dei gjorde, nei, det har eg inga meining om. Eg er greier heller ikkje å skilja mellom det eg las og det eg høyrde på Barnetimen og det som eg både las og høyrde. Og eg trur sanneleg at Kaptein Miki, Windy og Salasso, Yukan og Tarzan gjorde sterkare inntrykk enn bøkene eg las.

Det er berre ei bok eg er viss på å ha lese. Ein ABC med ein flott og fargerik hane på framsida. Søster mi, Solfrid, fekk ABC-en då ho byrja på skulen. Ho sat på andre sida av stovebordet og las i han, og eg tykte det var frykteleg urettvist at ikkje eg òg fekk ei så fin bok. (Ein klok forfattar eg kjenner som har lese mykje meir enn meg, meiner at hanen må ha vore på baksida. Og lenge trudde eg at han hadde rett. Men ved hjelp av gode fjesbokvener har eg komme fram til at det må ha vore Ruhmor og von Hanno sin ABC og den har hane på framsida.)

Far min, som den gong var vekependlar til Stord Verft, der han stod i ein ståldreiemaskin, var ein klok mann utan annan skulegang enn internatskulen i Lebesby, men som likevel hadde lese alt av Ibsen, Jack London og John Steinbeck og Snorre frå perm til perm. Ein laurdag, kan henda til femårsdagen min, kom han med ein AB C til meg. På prikken lik den søster mi hadde.

Til dess hadde eg snike meg til ein og annan bokstav i Solfrid sin ABC. No hadde eg ei heil bok for meg sjølv, med alle bokstavane i, med ord og bilde og setningar. Og der og då gav eg meg over til bokheimen. Sjølvsagt gjorde eg ikkje det, ikkje medvite, slik mange forfattarar vil fortelja at dei gjorde, og leggja ut om kva dei tenkte og sa. Nei, eg berre veit at frå den dagen eg fekk min eigen ABC byrja eg å lesa for alvor. Og då eg byrja på skulen to år seinare, las eg som ein prest, som dei sa, og pappa kjøpte meg ei ny bok til sjuårsdagen. Hornblower. Frå 12 år stod det på ho. Eg strauk over 12 og skreiv 7. Det hugsar eg at eg gjorde, og eg hugsar at eg ikkje las den boka. Det var for mange ord og handlinga kom aldri i gang. Ho var kjedeleg. Men eg tok vare på henne, og trur ho ligg på loftet den dag i dag. Og ho kan vera ein av grunnane til at eg sidan sjeldan har likt å lesa bøker med mange ord som kjem seint fram til handlinga, og heller ikkje vil skriva slike sjølv.

Frå ABC-en veit eg ikkje om eg hugsar noko, likevel har eg klåre minne om ein naken gut som spring utover ei bryggje (noko som var uhøyrt i det pietistiske miljøet eg voks opp i) og ein hund som heitte Passopp. Eg trur han var svart og kvit. Men dei bileta trur eg stod i ei anna lesebok. Og dei er heilt sikkert frå ei anna bok dei sterkaste minna eg har frå tidleg lesing. Det eine minnet er om nokon som kastar snøball i skulegarden, der moralen var at ”ærlighet varer lengst”. Og det andre minnet, og klåraste, er ei forteljing om ein klasse som lærde om at ein eller annan bibelsk person (eg hugsar ikkje kven) hadde gjort ein ”formastelse”. Sidan ingen visste kva ein formastelse var, forklarte læraren at det kunne liknast med å stå på eit løetak og hoppa ned på ei harv som låg med piggane opp. Då læraren neste dag spurde klassen sin i leksa og ville høyra kva denne bibelske personen hadde gjort for noko gale, svara ein av gutane at han hadde stått på løetaket og hoppa ned på harva som låg med piggane opp. (Dei som ikkje ser føre seg konsekvensane av dette, lyt sjølv finna ut kva ei harv er og kva ho vart nytta til.)

Når eg tenkjer meg om, så er både ”ærlighet” og ”formastelse” bokmålsord. Då kan dei vel ikkje ha stått i ei av lesebøkene våre på Skimmeland skule likevel? For skulestyraren vår hadde aldri sloppe ei bokmålsbok inn i klasserommet. (Han var nemleg målmann, fråhaldsmann, Venstremann og klokkar – altså sjølvaste vestlandsfanden.) Så kor har eg henta desse leseminna frå? Eg har inga aning.

Det første eg hundre prosent sikkert eg hugsar å ha lese er meisterverket Duell i Tombstone av Louis Masterson (Bladkompaniet 1968), som var mitt første steg inn i den vaksne verdslitteraturen. Men det er ei anna soge.