onsdag 29. juli 2009

Fin grafitti på Leirvik



Då eg nyleg reiste med tog frå Bremen til Alicante fekk eg sjå mange hus og veggar tilgrisa med stygg tagging og grafitti. Inne i storbyar og langt ute på den spanske landsbygda hadde det vore folk med sprayboksar og late etter seg rot og rabbel. Eg vedgår å aldri ha forstått poenget med å rabla signaturan sin og etterlata seg krotingar og spor overalt. Det meste av dette er ikkje hakket betre enn den mest tåpelege dopoesi.

Så kjem eg heim til Stord og går gjennom den triste grafitti-undergangen mellom Kulturhusparken og Osen og får sjå desse to flotte sjablong-bileta. Openberrt laga av ein person med peiling og vilje til å skapa meir enn uformelege strekar og banale utsegner.

Men kven er det som står bak bileta?
Eg veit ikkje, men har høyrt at ein engelsk talande kar var observerte med sjablongar og målingsflasker i nærleiken for nokre veker sidan.


torsdag 16. juli 2009

Er det så nøye då?

Ein liten tur innom Elkjøp på Heiane på Stord gav oss mykje lått og løye.

Løgnast syntest eg var at dei har ein hissig, lett antennelig, eingongsgrill. Du berre rettar ei fyrstikk borti og så: POFF!

Kommentarar er vel eigentleg overflødige, men eg lurer jo litt om kvaliteten på resten av verksemda er like dårleg som på språket dei prøver å lokka kundar med.





mandag 13. juli 2009

Bruno - bare ræva

Jo, eg veit at det er billig, men kunne likevel ikkje dy meg. "Bruno" er ein god drittfilm. Eg prøvde så godt eg kunne å le av analhumoren, men greidde berre å smila eit par gongar. Filmen gjer seg ut for å vera laga med ein slags "skjult kamera"-teknikk, men mest kvar einaste hending verka heilt gjennomregissert og instruert.

Eg tykte "Borat" var kjempeløyen og forfriskande frekk. Men "Bruno" er berre dum tvers gjennom. På det verste minte han meg om Tufte Johansen/Eia på sitt verste og mest fordomsfulle/medmenneskeforaktande.

Styr unna.

lørdag 11. juli 2009

Den svarte oksen

Fredag fekk eg uventa førsteeksemplaret av den nye barneboka mi "Den svarte oksen". Eg trudde ho skulle komma i neste månad. Men kan henda kjem ho i butikkane då?

Boka handlar om Gisle som reiser på telttur aleine til ei vik han og faren plar dra til på fisketur. Foreldra er på helgetur til London, og Gisle har sagt at han skal vera hjå bestevenen Vegar i helga. Men han har altså andre planar. På vegen til vika treff han på ein stor, svart okse. Ein svartkledd, mystisk mann dukkar også opp. Men verkeleg nifst vert det då Gisle byrjar høyra lydar i skogen, som om nokon kviskrar namnet hans.

Eg skal reisa med denne boka i den kulturelle skulesekken til hausten, turnera i Buskerud, Hedmark og Oppland - og etter nyttår i Hordaland. Eg kjem til å lesa heile boka medan eg improviserer lydkontentum, loopar og musikk på el-gitar til. Trur faktisk det blir ganske tøft, om eg skal seia det sjølv. ;-)