fredag 14. november 2008

Jazz

Eg var på jazzkonsert i går. Mot slutten av andre settet heldt eg på å sovna. Endå det var flinke og kjende musikarar på podiet. Eg likar jazz, ofte. Når musikarane vil meg noko. Når dei vil formidla meir enn berre teknikk og skalaøvingar. Når dei greier å løfta seg frå det skuleflinke til det kunstneriske. Men svært ofte er det ikkje slik. Svært ofte vert ein jazzkonsert for meg repetisjonar som følgjer repitisjonar, øvingar som følgjer øvingar, teknikk som vert overgått av meir teknikk. Først ein kort melodistubb som ein av musikantane har skrudd i hop, ofte utan anna meining enn å ha noko å spela før dei set i gong og improviserer. Så kjem runden med soli der alle viser i eit forrykande tempo kva fingersetningar dei har øvd på i det siste, og så kjem det lite minneverdige melodiske temaet tilbake. Det er ofte så gudsjammerleg keisamt.

Denne kvelden høyrde eg jamvel ein saksofonist som vert rekna i verdsklasse, Jerry Bergonzi, som eg aldri har høyrt om før. Han var flink og veltalande og spela varmt og vakkert. Bak han sat pianist Dag Arnesen og togg energisk tyggis i steinansiktet og lirte av seg fingerfinessar på rekke og rad. Sigurd Ulveseth kompa stø som Ulrikken på bassen sin og leverte nokre av dei finaste soloane (kora, som jazzfolket seier) denne kvelden og bakarst sat Frank Jakobsen og spela trommer på eit vis som berga heile konserten frå å bli rein sovemedisin.

Likevel kjem eg gå tilbake neste gong det kjem ein kjend jazzmusikar til mine kantar. For stundom glimtar dei til, stundom riv dei tak i meg og dreg meg med inn i musikken, og då er det lite musikk som er betre å lytta til.

torsdag 13. november 2008

Den grusomme Kurt

Eg såg "Kurt blir grusom" i går. Eg likta han ikkje særleg godt. Eitt er dei stive og klumsete figurane, verre er menneskesynet. Særleg tykkjer eg framstillinga av den overvektige dottera i familien er motbydeleg. For filmskaparen (og truleg også for Erlend Loe som har godkjent dette) må tjukke folk både vera ekle og kvalmande - og dumme. Det minner om dei infantile barnebøkene til Joe Nesbø, der er også det å vera tjukk og dum/ekkel to sider av same sak.
Eg lurer på kva tjukke jenter og gutar som ser denne filmen tenkjer, kva det gjer med deira sjølvbilete?
Vel, eg høyrer ikkje til den ironiske generasjonen. Vel, eg har kan henda ikkje humor. Vel, eg er ein låtteleg moralist. Men ærleg tala, kva er det som gjer at ingen lenger stiller spørsmål ved haldningar, moral og meiningar forfekta i såkalla barnebøker som t.d. Kurt-bøkene?
Eg vert freista til å sitera Kurt i Kurtby når han siterer Obstfelder: Her er så underleg.

søndag 30. mars 2008

Innsida av Noreg 1




To bilete frå den sida av Noreg som alt for sjeldan vert vist fram, men som likevel dei fleste støyter på. Fotografia er frå toalettet på Statoil-stasjonen i Folldal. Eg såg lite til Aa. O. Vinje sine fjell og dalar der oppe ved Rondane, skylaget var for lågt til det, men eg fann dette doet som truleg vart innreidd ein gong mot slutten av sekstitalet og sidan har fått vore i fred. Sjekk detaljane i tapetet! Dette rommet bør fredast.

fredag 28. mars 2008

I gang

Eg ville berre seia at eg er i gang no. Endeleg, vil kan henda nokre seia. Kvifor? spør andre. Og eg lurer vel på det sjølv òg. Men det måtte komma. Eg måtte prøva meg. Eg ser jo at andre gjer det. Eg må berre finna ut kva eg skal blogga om. Det eg ser på fjorden kan henda? Eller dei som går forbi nedi vegen? Eller det eg høyrer å les. Me får sjå. Eg skal tenkja på det. No går eg og pumpar jern. Pumpar jern? Ja da. Nokon må gjera det òg. Slik er det berre.