fredag 29. mai 2009

"Atle Hansen viser anlegg som dikter ..."

For nokre veker sidan publiserte bloggen E-diktet ein liten tekst eg har skrive, "Vårvise". Då eg var på Lillehammer på litteraturfestival fekk eg fortald av to kvinner eg kjenner at dei hadde høyrt diktet framført av skuleborn under flaggheisinga 17. mai på ein skule i Oslo.

Det var kjekt å høyra. Ein ønskjer jo at det ein skriv vert teke i bruk.
Så då eg kom heim googla eg diktet, for å sjå om det vart brukt andre stader.
Eg fann det som nedlastbar word-fil hjå Skedsmo kommune.
Og eg fann det på bloggen dagensdikt.blogspot.com.

Eg veit ikkje kven det er som står bak denne bloggen, det finst ingen opplysningar.
Men vedkommande har i alle høve publisert eit dikt utan å spørja om det, og utan å undersøkja kven som har skrive det.

Dette står å lesa:
GOD TIRSDAGS MORGEN !

I dag et fint lite dikt skrevet av
en 10-åring.

(Så følgjer diktet)

Atle Hansen viser annlegg som "dikter" skjønt jeg
lurer på om han ikke har fått god hjelp fra en
"voksen" for dette diktet?

HA EN RIKTIG GOD DAG!


Tenk det du! Ikkje berre er eg vorten 10 år gammal, men eg lyg og påstår eg har skrive noko aleine, når eg heilt sikkert har fått hjelp av ein vaksen.
Eg får trøysta meg med at bloggaren meiner eg har anlegg som diktar.

Luring dne bloggaren der, gitt! Sikkert ein lærar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar