torsdag 21. mai 2009

Helvete heller

I dag medan me åt ein sein himmelfartsfrukost med for lenge steikt scones og hardkokte egg, men god kaffi frå Guatemala, høyrde me på "Sånn er livet". Der diskuterte ein teolog og ein predikant frå Indremisjonen om helvete finst. Dei drøfta jamvel om det var evige pinsler der, tortur og svovelpølar.

Og det var ikkje det dei sa, som fekk meg til å undrast, men at dei i det heile kunne snakka i fullt alvor om slikt, at dei kunne sitja der, to vaksne og truleg forstandige menn på sine vis, og snakka om ein gud som skal skilja mellom vonde og gode, som har skapt verda, om evig liv og fortaping.

Eg skjønar meg ikkje på slikt, eg. Ganske enkelt.
Eg har aldri gjort det.
Eg må mangla gudegenet.


Men at Helvete finst, tvilar eg ikkje på.
Det finst her og no.
Berre spør dei som har vore innesperra i kampane på Sri Lanka.
Berre spør dei som svelt i hel i Afrika.
Berre spør born som vert misbrukte av galne vaksne.
Berre slå på Dagsrevyen, les aviser eller surfa rundt på Internett.

Gud bevare meg vel, tenkjer eg, Helvete finst over alt.
Spørsmålet er om det finst ein himmel, her og no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar