torsdag 26. mars 2009

Biblioteket på Moster

Ein gong for lenge sidan var eg ein liten gut på Grindheim. Det var før fjernsyn, før Beatles og Stones og lenge før pc-ar og dataspel. Det var i radiotida. Eg likte å lytta på radio. På barnetimen og på overføring frå store skeisestemne. Det var spennande. Då Solfrid, eldste søster mi, byrja på skulen fekk ho ei fargerik bok med ein hane på baksida. I den boka oppdaga eg noko endå meir spennande. Eg fann bokstavane, orda, setningane.
Eg oppdaga lesinga.
Eg grein meg til min eigen ABC. Men før det lærte far min meg små og store bokstavar i titlane, ingressane og brødteksten i "aviså". Eg vart oppslukt av lesing. Og eg er det enno.
Men eg voks opp i ein heim mest utan bøker. Me hadde ein krigsserie om englandsfarar og Shetlands-Larsen og Max Manus sine sjølvbiografiar. Eg las dette og Hardyguttene og ville ha meir. Då viste pappa meg vegen til biblioteket på skulen.
Eg hadde sjølvsagt vore der før. I skuletida. Men det var pappa som sa at eg måtte låna Jack London, John Steinbeck og Henrik Ibsen. Og eg var lydig og gjorde som han sa. Dei var på biblioteket. Dei og alle dei andre som eg fann fram til når eg gjekk dit saman med søster mi, Laila, som var større lesehest enn meg, kompisane mine Sivert, Bjørn og Jan Harry, eller helst heilt aleine. Eg lånte med meg ein bokhaug kvar gong.
Eventyrbøker, store oppdagingar, reiser langt inn i Amazonas, Jaques Costeau sine fabelaktige bøker om livet i storhava, romanane, spenningsbøkene, Hjortefot, David Crocket, Hucleberry Finn, Greven av MonteCristo. Alle var dei der på biblioteket. Og sidan dukka andre opp. Norske samtidsforfattarar. Utanlandske klassikarar. Og tynne diktbøker som gav meg tankar og bilete som eg ikkje kunne tru fanst på Moster. Men det gjorde dei. Midt i blant oss. Og dei var tilgjengelege for alle som ville.
Ungdomshuset gav meg musikken, dansen, erotikken og heimebrygget. Biblioteket gav meg heile verda. Gav meg innsyn og utsyn og motsyn og opna vegen for eigne tankar. Og lærte meg saker og ting som streid mot det læraren sa i skuletimane både tidt og ofte.
Biblioteket gjorde meg til lesar og skrivar. Eg hadde ikkje vore forfattar utan det vesle biblioteket på Skimmeland skule, eller alltid venlege Tulla Espeland som sat og lånte ut bøkene til meg. (Og stundom gav meg ei diktbok som ingen andre kom til å lesa likevel.) Eg ville ikkje vore journalist heller. Ikkje noko stort sakn, vil mange meina. Men det gjeld vel for mange andre òg som skriv. Biblioteket var vegen til litteraturen.
No vil dei styrande på Svortland leggja ned biblioteket på Moster. Eg lurer på om politikarar og rådmenn som foreslår slikt, nokon gong har lese ei oppdikta bok til endes. Eller har hatt gleda av å leita seg fram til ein diktar du ikkje visste om. Eller å la seg føra inn i ei forteljing mykje større enn ditt vesle liv.
Eg trur ikkje det. Eg trur ikkje dei skjønar at noko kan vera viktigare enn deira eigen kvardag. Eg kjem på noko eg høyrde i eitt av dei husa eg ikkje var så ofte i på Moster: "Herre forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar