mandag 30. mars 2009

Du skal ikkje stela

Heime lærde eg at det var stygt å stela. På skulen lærde eg at det var synd. I lovene står det at det er ulovleg. Og blant folk flest er det rekna for dårleg skikk og bruk. Men ikkje for norske politikarar, anten dei held seg til høgre eller venstre eller midt i vegen. Dei meiner at å stela frå kunstnarar bør vera fritt fram så lenge du er i stand til å kjøpa deg ein pc og kopla deg opp på nettet.
Eg vedgår at eg sjølv har lasta ned musikkfiler i fildelingas barndom. Jamvel at eg har lånt nokre musikkfiler frå ein mp3 spelar til ein annan, og at eg ikkje kan gjera greie for kor originalfila kom i frå.

Men eg har etter kvart byrja å tenkja gjennom konsekvensane av slik deling og låning og kome fram til at det strid imot alt eg lærde både heime og på skulen. Det er tjuveri, same korleis ein snur og vender på det og prøver å legitimera det med moderne teknologi, at det ikkje let seg stansa, at kunsten må delast med mange, at plateselskapa er nokre griske pengepugarar.

Eg har sjølv gjeve ut nokre plater for eiga rekning. Og jamvel desse vert tjuvkopierte og delte ut til kreti og pleti.
Eg trefte ein forfattar og forlagsmann på ein spelejobb eg hadde. Han kom for å kjøpa ein cd i gåve til ein ven av seg.

”Skal du ikkje ha ei sjølv òg,” spurd eg i mitt einfald.
”Nei, eg berre rippar denne før eg gjev ho frå meg,” sa han utan blygsel.

Eg vart så forfjamsa at eg ikkje nekta han å kjøpa plata, men gav han ei ekstra i staden for same prisen.
Kva viss eg byrjar scanna inn bøkene hans og dela dei ut til folk eg kjenner? Hadde han tykt det var stas. Neppe. Men musikk eg sjølv hadde betalt for å spela inn, miksa, mastra og kopiera meinte han altså ikkje var noko poeng å betala pengar for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar