Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Film. Vis alle innlegg

mandag 13. juli 2009

Bruno - bare ræva

Jo, eg veit at det er billig, men kunne likevel ikkje dy meg. "Bruno" er ein god drittfilm. Eg prøvde så godt eg kunne å le av analhumoren, men greidde berre å smila eit par gongar. Filmen gjer seg ut for å vera laga med ein slags "skjult kamera"-teknikk, men mest kvar einaste hending verka heilt gjennomregissert og instruert.

Eg tykte "Borat" var kjempeløyen og forfriskande frekk. Men "Bruno" er berre dum tvers gjennom. På det verste minte han meg om Tufte Johansen/Eia på sitt verste og mest fordomsfulle/medmenneskeforaktande.

Styr unna.

torsdag 13. november 2008

Den grusomme Kurt

Eg såg "Kurt blir grusom" i går. Eg likta han ikkje særleg godt. Eitt er dei stive og klumsete figurane, verre er menneskesynet. Særleg tykkjer eg framstillinga av den overvektige dottera i familien er motbydeleg. For filmskaparen (og truleg også for Erlend Loe som har godkjent dette) må tjukke folk både vera ekle og kvalmande - og dumme. Det minner om dei infantile barnebøkene til Joe Nesbø, der er også det å vera tjukk og dum/ekkel to sider av same sak.
Eg lurer på kva tjukke jenter og gutar som ser denne filmen tenkjer, kva det gjer med deira sjølvbilete?
Vel, eg høyrer ikkje til den ironiske generasjonen. Vel, eg har kan henda ikkje humor. Vel, eg er ein låtteleg moralist. Men ærleg tala, kva er det som gjer at ingen lenger stiller spørsmål ved haldningar, moral og meiningar forfekta i såkalla barnebøker som t.d. Kurt-bøkene?
Eg vert freista til å sitera Kurt i Kurtby når han siterer Obstfelder: Her er så underleg.